Medlemskap

Leiar i rusorganisasjon: – Beundringsverdig

30. september 2022

NRK 30. september 2022: Leiar i rusorganisasjon: – Beundringsverdig, av Anne Lindmo, Oda Elise Svelstad og Halvor Haugen.

– At Sophie Elise står fram er beundringsverdig. Det kan føre til mindre negative haldningar mot rusavhengige, seier leiaren i Foreningen for human narkotikapolitikk.

Onsdag kunne NRK fortelje at Sophie Elise har vore avhengig av legemiddelet Xanax i fleire år.

Få som står fram

Arild Knutsen, styreleiar i Foreningen for human narkotikapolitikk, meiner det er svært positivt at ein så offentleg person som Sophie Elise tør å vere open.

– At Sophie Elise står fram er beundringsverdig. Det kan føre til mindre negative haldningar mot folk som blir avhengig av rusmiddel og medikament, seier han.

Han peikar på at dei fleste førestiller seg rusavhengige som slitne og nedbrekte menneske med sprøyte i handa. Slik er det ikkje.

– Det er berre eit fåtal som er tunge brukarar. Dei aller fleste står aldri fram om avhengigheita si på grunn av fordommane vi har mot rusavhengige, fortset han.

Sophie Elisa seier målet med å fortelje sanninga var å oppfordre andre med avhengigheit til å be om hjelp.

Sanksjonar og straff

Det er noko Arild Knutsen veit alt om.

– Unge folk opplever at dei ikkje har nokon plass å vende seg til. Dei fleste blir møtt med skuffelse, dømming, sanksjonar og straff, seier Knutsen.

Derfor meiner han at det er viktig at styresmaktene legg til rette for at unge kan snakke med nokon, og få gode råd utan å bli straffa for det.

– Altfor mange opplever å bli fråteken førarkort, arbeid- og utdanning, og moglegheita til å reise verda rundt, om dei oppsøker hjelp, opplyser han.

Må vere der for dei sårbare

Debatten rundt den nye rusreforma har også ført til mindre stigma, ifølgje Knutsen.

– Talet på narkotikasaker stuper drastisk. Det betyr at politiet har gått to skritt tilbake.

Oppgåva til samfunnet er å setje inn helsearbeidarar slik at ein kan ta to skritt fram, meiner han:

– Vi må vere der for dei sårbare gruppene, avsluttar Knutsen.

Les hele artikkelen på nrk.no her.

Tilbake til nyheter
crossmenu