Medlemskap

Tvang underbygger ikkje tillit

6. april 2023

VG 05. april 2023: Tvang underbygger ikkje tillit, skrevet av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Kan være et bilde av 1 person og tekst
Faksimilie fra VG 05. april 2023.

Dei har rett i at vi er inne i ei ruspolitisk brytningstid, Arild Knutsen og Erik Kursetgjerde. Dette skriv dei om i ein VG-kronikk 30. mars.

Regjeringa meiner at vi skal møte menneske med rusproblem og avhengigheit med god hjelp og oppfølging. Like viktig er det at vi førebygger at rusproblem oppstår. Auka støtte i årets statsbud-sjett til oppsøkande arbeid i kommunane, lågterskeltenester og utvikling av eit nytt program for rusførebygging viser denne prioriteringa.

Regjeringa vil endre ruspolitikken, og vi ønsker å utgreie korleis vi skal sikre at personar som har rusproblem ikkje skal straffast for bruk og innehaving, men få hjelp og oppfølging. Ei slik avklaring er viktig, slik at både helsetenesten og politiet kan gjere jobben sin innanfor tydelege rammer, og utan å utfordre grunnleggande menneskerettar.

Så er regjeringa likevel opptatt av at politiet skal ha egna verkemiddel for å kunne etterforske alvorleg narkotikakriminalitet. Vi ønsker ein meir lempeleg narkotikapolitikk for ikkje å forsterke sosial ulikskap, og for å sikre at dei med dei største problema ikkje blir ytterlegare marginalisert. Dette går også fram av Hurdalsplattforma.

Menneske med rusproblem har rett til eit verdig liv, uavhengig av kva rusmiddel dei bruker. Vi må også vurdere korleis vi på best mogeleg måte skal møte barn og unge som bruker ulovlege rusmiddel. Dette vil vi følge opp i samband med stortingsmeldinga for rusfeltet.

Tvang og kontroll overfor barn og unge har faglege og etiske sider vi må ta på alvor. God førebygging og helsehjelp forutset eit tillitsforhold mellom den unge og den som skal hjelpe. Tvang underbygger ikkje tillit. Vår oppgåve er å lage gode rammer som ikkje utfordrar eit slikt tillitsforhold, og det legg føringar for både politiet og helsetenesten.

Nokre har tatt til orde for at politifolk no blir usikre på kva de eigentleg har høve til å foreta seg og derfor lar vere å agere overfor unge. Dei peiker på dei nye retningslinjene frå Riksadvokaten og dommar avsagt av Høgsterett.

Riksadvokaten er ikkje einig i at rettstilstanden no er uklar, og understrekar at all bruk av tvangsmiddel legg til grunn ei reell vurdering av samhøve.

Eg har tillit til at både politi, helsesjukepleiarar, sosialarbeidarar og andre fagfolk har kunnskap og kompetanse og tar i bruk metodikk som gjer at dei kan førebygge narkotikabruk og motivere unge til endring – utan å måtte bruke tvang og integritetskrenkande verkemiddel.

Vår fremste oppgåve er å sørge for at vi som samfunn framleis har høg tillit til kvarandre, at forskjellar blir utjamna og at alle har høve til å leve lange gode liv. Det er sjølvsagt for oss at dette blir spegla i ruspolitikken.

Tilbake til nyheter
crossmenu