Medlemskap

Set tak på husleigeaukingar no!

21. februar 2023

Debattinnlegg i Klassekampen 21. februar 2023: Set tak på husleigeaukingar no! av:
Leieboerforeningen v/Anne-Rita Andal,
MiRA-Senteret v/Khansa Ali,
Aleneforeldreforeningen v/Cathrine Austrheim,
Norsk Forbund for Utviklingshemmede v/Hedvig Ekberg,
PIO – pårørendesenteret i Oslo v/ Gro Tingelholm ,
AAP-aksjonen v/ Elisabeth Thoresen,
Foreningen for human narkotikapolitikk v/ Tonje Jevari,
JURK – Juridisk rådgivning for kvinner v/Petrine Iversen,
Jussbuss v/husleie- og gjeldsgruppa,
Fattighuset v/Dag Westerheim,
Velferdsalliansen v/Honoratte Muhanzi,
Aktivistkollektivet Reduser Husleia Fattignettverket v/Per Magnus Øgård,
Rettspolitisk forening v/ Victor Håland

I desse dagar mottek leigebuarar over heile landet varsel om husleigeaukingar. I mange tilfelle er aukinga dramatisk mykje større enn tidlegare. Prisveksten er rett og slett ikkje økonomisk og sosialt berekraftig. Det er på tide å ta politiske grep i leigesektoren, både på kort og lang sikt. Eit tak for husleigeaukingar er eit slikt grep. Leigebuarar – rundt 20 prosent av befolkninga – har lenge vore ei nedprioritert gruppe i bustadpolitikken. SSB melder at leigebuarar har lågare standard på bustaden, høgare grad av trangbuddheit og høgare utgifter til bustad enn resten av befolkninga. Leigebuarar opplever òg ei høg grad av utryggleik og stress knytta til stadige rundar med flytting. Dei er overrepresentert når det kjem til fattigdom og levekårsutfordringar. Fleire opplever diskriminering på bakgrunn av kjønn, etnisitet, funksjonshemming, seksuell legning eller status som trygdemottakarar. I møte med dyrtida, set bankane opp rentene på bustadlåna og mange huseigarar sender rekninga vidare til leigebuarane. Leigene kan aukast i tråd med konsumprisindeksen (KPI) til SSB, som er svært høg no. Det nyaste talet, frå januar, er på 7,0 prosent. For mange leigebuarar er ei auke på sju prosent på grensa av kva dei kan klara. Det er fullt mogleg at KPI-en held fram med å auka. Mange av organisasjonane dei underteikna jobbar i opplever no fortvilte leigebuarar som tek kontakt fordi dei slit med å betala leiga. Vi er redde for at vi kjem til å sjå fleire som vert tvinga til å flytta igjen, fleire økonomisk vanskelegstilte, fleire utkastingar og kanskje også fleire bustadlause. Når rekninga for renteaukingane vert dytta nedover bordet, til dei som har minst, forsterkar det ei rekke andre sosiale problem og samfunnsutgifter. Leigebuarane kan rett og slett ikkje ta støyten. Det vil vera meir rettvist og samfunnsøkonomisk om nokon andre gjer det. Derfor støttar vi forslaget Raudt har fremma på Stortinget om å innføra eit midlertidig tak på husleigeaukingar, etter modell frå Danmark. Fleire andre europeiske land har innført liknande ordningar. I Danmark har regjeringa innført eit makstak på fire prosent husleigeauke i året dei neste to åra. I Noreg kan eit tak innførast gjennom husleigelova sin § 4–6. Den høge konsumprisveksten og prisstiginga i leigemarknaden, i kombinasjon med dyrtid, gjer grunnlag for bruk av føresegna. Eit midlertidig husleigetak vil vera eit sårt tiltrengt pusterom. Det må følgast opp med meir langsiktige tiltak, og det er avgjerande at leigebuarar ikkje opplever eit endå større prishopp når taket blir fjerna igjen. Arbeidet regjeringa har sett i gang med å utarbeida ny husleigelov må ta innover seg dette perspektivet. Vi vil òg trekka fram nokon av dei andre tiltaka i forslaget, som å få på plass utleigetilsyn i kommunane og ein ikkjekommersiell leigesektor. Eit midlertidig husleigetak vil berre vera første steg på vegen mot ein leveleg leigesektor. Det er likevel eit heit nødvendig og rettferdig krav akkurat no. Leigebuarane vil ikkje flytta igjen, dei vil berre bu trygt. Sett eit tak på husleiga no!

Les debattinnlegget i Klassekampen her.

Tilbake til nyheter
crossmenu