Medlemskap

Gløym ikkje kvifor dykk er sosialdemokratar

30. mars 2023

VG Debatt 30. mars 2023: Gløym ikkje kvifor dykk er sosialdemokratar

Av:

ARILD KNUTSEN, leiar av Foreininga for human narkotikapolitikk
ERIK KURSETGJERDE, tidlegare folkevald for Arbeidarpartiet

Vi er inne i ei ruspolitisk brytningstid, som styrer Arbeidarpartiets landsmøte i mai mot eit avgjerande vegskilje.

I april er det to år sidan statsminister Jonas Gahr Støre og helseminister Ingvild Kjerkol tok til orde for ei sosialdemokratisk rusreform. I mellomtida har om lag 530 menneske døydd av overdose. Tusenvis av menneske har på same tid fått øydelagd liva sine.

Sjølvutnemnd ruspolitisk sommarvikar for Arbeidarpartiet, Per Vidar Kjølmoen, kom i fjor sommar med ei rekke beviseleg feilaktige påstandar, og det vart stor furore internt i Arbeidarpartiet.

Leiarskapet forheldt seg øyredøyvande tyst, medan sentrale personar i partiet tok kontakt med oss privat for å vise avstand.

No er det i ferd med å bli verre. Regjeringspartnar Senterpartiet vil reversere utviklinga på rusfeltet og innføre på nytt ein opprørande politipraksis som er i strid med allmenne rettsprinsipp og menneskerettar.

Eit nær samla Sp-landsmøte gjekk tidlegare i mars inn for ein resolusjon som seier at politiet må sikrast heimel i lov til å avdekke bruk, besittelse og sal av narkotika.

Narkotikabruk er ikkje rekna som eit alvorleg brotsverk. Det straffast stort sett med bøter. Skal politiet ha lov til å bruke inngripande ransakingsmetodar for å avdekke narkotikabruk, må strafferamma aukast betydeleg. Konklusjonen vart gjort på villeiande anekdotar om kokain i dokø og eit handlingslamma politi.

I røynda er det slik at bruken av cannabis stadig er på det jevne. Og det same med amfetamin. Bruken av ecstasy/MDMA har gått litt ned, og bruken av kokain har auka noko.

Utviklinga er fullstendig i tråd med trendane elles i Europa, og kan dermed ikkje skuldast endringar i samfunnets reaksjonar på bruk av rusmiddel.

Politiet har sjølve vald å gå to skritt tilbake og talet på narkotikasaker i Noreg har søkke betrakteleg. Dette har å gjere med Høgsterettsdommane frå i fjor, som tvinger fram omsyn til den einskilde persons velvære, og om skandalen med Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF). Særleg handlar dette om Riksadvokatens presisering av kva heimlar politiet eigentleg har.

Presiseringa var ein reaksjon på ei politiskandale der det viste seg at politiet har hatt ein ulovleg praksis med grovt integritetskrenkende tvangsmiddelbruk. Folk har blitt tvungen til å kle seg nakne og sette seg på huk for å hoste hardt medan politiet fylgjer nøye med. Folk har blitt strippa, utsett for kroppsvæskeprøver og hulromsundersøkingar basert på mistanke om rusmiddelbruk.

Desse krenkingane har pågått systematisk i fleire tiår. At regjeringspartnar Senterpartiet ynskjer å innføre på nytt dette, er sterkt oppsiktsvekkande og bør vera ein augeopnar for Arbeidarpartiet.

Vi er inne i ei ruspolitisk brytningstid, som styrer Arbeidarpartiets landsmøte i mai mot eit avgjerande vegskilje.

Når rusbruk blir mindre stigmatisert og det blir mindre sannsynleg å bli arrestert av politiet, då kjem samfunnsutfordringar som har vore der hele tida meir til syne. Vi må strete imot gamle ryggmargsrefleksar om å ty til straff for å møte desse utfordringane.

Arbeidarpartiet bør vere ein tydeleg forvaltar av dei grunnleggjande reglane for samhøve som gjeld for ein moderne rettsstat som Noreg. Dette gjeld både i oppfølginga av dei som har blitt tekne av politiet, men også for politiets prioriteringar og deira bruk av verkemiddel.

Solbergregjeringas rusreform innebar ein politikontroll der all rusmiddelbruk skulle avdekkast og hindrast, no har vi høve til å vurdere kor føremålstenleg slike prioriteringar eigentleg er.

Den grundige utgreiinga frå rusreformutvalet frå 2019 viste at trugselen om straff likevel ikkje førebyggjer rusbruk, men har fleire etiske dilemma og fører til meir kriminalitet og utanforskap. Dette var veldig overraskande for mange. Det ein no fortener ei utgreiing av, er om den rushindrande innsatsen til politiet eigentleg er førebyggjande eller om også dette kan ha motsett effekt.

For ikkje berre har rusmiddelbruken vore på det jamne det året politiet har teke to steg tilbake, det har også skapt ei opning for at sosialarbeidarar kan gå dei same to stega fram.

Ein skal ikkje legge for mykje i beslagsmengda til politiet på eit år, men talet på brukarsaker sokk betrakteleg i 2022 og samstundes auka mengda beslag til nesten det dobbelte av gjennomsnittet for det siste tiåret.

Dette er i det minste ein sterk indikasjon på at vi er på veg mot ein meir human og førebyggjande politikk.

Dessutan har politiet fått auka ressursar til å førebyggje kriminalitet som medfører traume som folk seinare i livet vil bruke rusmiddel for å halda ut med. Det er vanskeleg å kome tidleg i posisjon til å ta imot hjelp for utfordringar knytt til rusmiddelbruk, så lenge politiet er ute etter å ta deg for det same.

Det handlar ikkje berre om oppfølging etter ein arrestasjon, men også om rettssikkerheit, om kontrollskadar og det ubehaget som oppstår av at politiet er ute etter deg.

Den noverande narkotikapolitikken i Noreg er ikkje berre eit sett med lovar og reglar – det er eit system som stigmatiserer og diskriminerer menneske som bruker rusmiddel.

Vi har begge nære vener frå alle delar av landet som er for redde for å be om hjelp fordi dei blir stempla som kriminelle. Dei står heilt åleine med sine utfordringar, noko som berre forverrar dei.

Som sosialdemokrat bør ein legge vekt på at alle menneske er unike, uerstattelege og like mykje verdt. I Arbeidarpartiets visjon står det at ein kvar av oss skal ha mogelegheita til å leve gode liv, i små og store fellesskap.

Då er det uforståeleg at vi framleis har ein narkotikapolitikk som held fram stigmatiseringa, den naive trua på straff og aukar forskjellane. Dette rammer sårbare menneske i sårbare situasjonar og er i strid den kunnskapen som ligg føre.

Eller som Einar Gerhardsen ville sagt: Det er resultata som tel.

Arbeidarpartiet er i ei identitetskrise. Ein forsøker å tekkast eit mangfald av veljarar, og inngår ei rekke kompromiss. Med kompromissa støyter ein frå seg veljarar frå begge side av aktuelle spørsmål, og står igjen med særs få i midten.

I ruspolitikken har ein forsøkt å framstille seg om halvliberal, medan ein ynskjer å tekkast rusmoralistane frå Trøndelag og deler av Aust- og Sørlandet.

Resultatet er at ein sit igjen med inkje.

Les debattinnlegget på VG nett her.

Tilbake til nyheter
crossmenu