Medlemskap

Utdaterte haldningar og kommentarfeltretorikk frå Arbeidarpartiet

22. juli 2022

Nettavisen/Norsk debatt 19. juli 2022: Utdaterte haldningar og kommentarfeltretorikk frå Arbeidarpartiet, av Arild Knutsen, Foreningen for human narkotikapolitikk og Erik Kursetgjerde, tidligere folkevalgt for Arbeiderpartiet.

Å spele på frykt og desinformasjon på eit politisk saksfelt som har så stor påverknad på folk sine liv er ikkje Arbeidarpartiet verdig.

De seinaste dagane har Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen i ei rekke medie framstilt både rusreforma, som handla om avkriminalisering av mindre mengder ulovlege rusmiddel, og nestleder i Venstre Abid Rajas framlegg om legalisering av cannabis, så grunnleggjande feil at vi ser oss nødt til å svare.

Å spele på frykt og desinformasjon på eit politisk saksfelt som har så stor påverknad på folk sine liv er ikkje Arbeidarpartiet verdig.

Politisk engasjement for rusreformen

Kjølmoen hevdar mellom anna at Venstre nedkjempa det verdikonservative Høgre, i regjering, for å få gjennomslag for ei liberalistisk rusreform. Det stemmer ikkje.

Høgre, med dåverande helseminister og nestleiar Bent Høie i spissen, skifta alt meining på landsmøtet i 2017, og dermed utgjorde dei to partia nok tyngde i regjeringa Solberg til å gå inn for å avslutte straffesporet.

I noverande stortingsperiode har dessutan Høgre gått i spissen for ein historisk bred allianse med Raudt, SV, MDG og Venstre for ein omkamp av rusreforma. Dei var altså ikkje bunden av Venstre i regjering, men har eit likeverdig engasjement for ein meir human narkotikapolitikk basert på erfaringar og forsking.

Også i Arbeidarpartiet er det eit betydeleg mindretal som ynskjer avkriminalisering. Dette gjeld særleg i dei største byane, som jo kjenner problemstillinga best. Arbeidarpartiet har vore med på å utgjere fleirtalet bak ei rekke innstillingar og vedtak om lokale rusreformar.

Bevisbyrden har snudd

Ønsket om avkriminalisering er basert på omfattande dokumentasjon på at straff, tvang og krenkingar likevel ikkje førebyggar rus, men skapar unødvendige belastningar som kan bidra til utvikling av alvorlege rusproblem. Det er ikkje så lenge sidan at alle politiske parti var i mot avkriminalisering.

Stortinget har tidlegare gått inn for å få eit narkotikafritt samfunn med streng straffepolitikk. Alt anna blei ansett som rusliberalt og skadeleg for samfunnet.

Men no er bevisbyrda snudd.

Det er dei som ynskjer å oppretthalde straff som framover bør framlegge dokumentasjon på at det fungerer å behandle rusmiddelbrukarar som kriminelle. Straff er eit tilsikta onde frå staten mot sine innbyggjarar. Difor må den vere godt begrunna, og effekten må kunne bevisast.

Arbeidarpartiet må vere sitt ansvar bevisst.

Ein valde å ikkje gå inn i forhandlingar om rusreforma for å gjere dei endringane ein ønska. Når ein no ikkje har ein heilskapeleg plan for korleis ein skal utforme framtidas ruspolitikk, så bør ein ikkje forkle det ved å kritisere andre.

Åtak er ikkje det beste forsvar.

Tar grunnleggende feil

Vidare, når det gjeld legaliseringsforslaget frå Abid Raja, tek Kjølmoen grunnleggjande feil når han framstiller det som eit rusliberalistisk forslag om å få cannabis i butikksal saman med brød og ost.

Tyskland skal legalisere i 2023 for å innføre strenge restriksjonar og for å beskytte barn og unge fra markedet. Det er på langt nær fleirtal for legalisering av cannabis i Norge, men politiske forslag bør møtast med respekt og fornuftige argument, framfor moralsk fordømming og spinnville beskuldingar.

Det var likevel uheldig av Raja å seie at han hadde tatt seg ein joint om det hadde vore lovleg, fordi dét gir eit inntrykk av at forbodet hindrar folk i å bruke cannabis.

Då ville ikkje 23 prosent av den voksne befolkning oppgitt å ha brukt cannabis ein eller fleire gongar (2019).

Utdaterte holdninger og kommentarfeltretorikk

Kjølmoen hevdar forslaget om rusreform er eit av de mest ytterleggåande forslaga verda har sett i ruspolitikken. Med tanke på dei tusener av henrettingar av stoffbrukarar på Filippinene de siste åra utan lov og dom, bruken av tortur og livsstidsstraffar i ei rekke land og massefengslingane i Russland og USA for ikkje-valdelege handlingar, framstår denne påstanden som heilt absurd.

Under sist landsmøte til Arbeidarpartiet vart fleire av dei same mytene som Kjølmoen no forfektar fremma som eit mogleg resultat av rusreforma. Det er stikk i strid med kunnskapen som ligg føre og særleg skuffande når det kjem frå eit statsberande parti.

Tida er overmoden for ein enno større gjennomgang av erfaringar og utvikling av modellar som kan erstatte dagens praksis. Skadereduksjon, framfor ein urealistisk og ufornuftig nullvisjon for narkotikabruk er vegen å gå for å vere i tråd med menneskerettighetene.

Framfor å synse i riksmedia, med utdaterte haldningar og kommentarfeltretorikk, bør Kjølmoen og Arbeidarpartiet gå inn for ei ny utgreing for å få ei klargjering av konsekvensane av dagens politikk. Den førre vart tydelegvis ikkje lest.

Les artikkelen på Nettavisen/ Norsk debatt her.

Tilbake til nyheter
crossmenu