Medlemskap

Kjølmoens uverdige rusretorikk

8. august 2022

Trønderdebatt.no 06. august 2022: Kjølmoens uverdige rusretorikk, av Arild Knutsen, leder i Foreningen for human narkotikapolitikk og Erik Kursetgjerde, tidl. folkevalgt for Arbeiderpartiet.

Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) reagerer sterkt på responsen frå André Nilsen i Normal Norge i eitt innlegg i Dagbladet og frå oss i Nettavisen etter hans sleivspark mot Abid Raja (V) sitt framlegg om å legalisere cannabis. Kjølmoen har rett i at harde ordelag øydelegg for debatten, men bruker altså eit heilt innlegg på å gå etter sentrale personar i brukarorganisasjonane. Han påstår at det er andre som går etter mannen og ikkje ballen.

Men i Kjølmoens innlegg er der ikkje ein einaste ball å sjå. Ikkje eit einaste argument som gir eit substansielt svar om ruspolitikk. Det er eit sleipt retorisk grep for å sleppe å måtte bruke reelle argument. Det er særleg graverande når ein har stått for beviseleg feilaktige påstandar om historikken kring rusreform. Vi har sett nok av stigmatiserande uttaler og stempling av meiningsmotstandarar i ei rekke lesarinnlegg i Dagbladet, Dagsavisen, Klassekampen og det som er av lokalaviser i landet.

I lesarinnlegga sine framstiller Kjølmoen regjeringa Solbergs rusreform som eit av dei mest ytterleggåande framlegg verda har sett, der «bruk av alle typar narkotika, også heroin og kokain, vart foreslått avkriminalisert, sjølv for barn».

Det er kanskje ein sånn stråmannsargumentasjon som må til for å sabotere ein politisk modell som er basert på omfattande og grundig dokumentasjon. Same modellen som i tillegg blir støtta av alle store brukarorganisasjonar på rusfeltet, Fagrådet – rusfeltets hovudorganisasjon, Riksadvokaten, Helsedirektoratet, FNs høgkommisær for menneskerettar og Verdas Helseorganisasjon. I Klassekampen skuldar Kjølmoen delar av redaksjonen for å vere i ei hasjtåke. Dette er ein ufin måte å stemple meiningsmotstandarar og stigmatisere brukarar av cannabis som mindre intelligente.

Det går faktisk så langt at han skriv at «Klassekampens journalistar skal få drikke så mykje de vil, men fri tilgang på cannabis vil ikkje hjelpe på verken journalistikken i Klassekampen, eller for det norske samfunn elles». Kjølmoen er leiar i Møre og Romsdal Ap, og sitt i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre. Vi, og alle landets rusavhengige, burde kunne forvente meir av ein mann med slike tillitsverv.

No er nok frå den kanten. Dette var ikkje det ein trengde frå sentralt hald i Arbeidarpartiet etter den enorme skuffelsen i fjor og politiskandalen som følgde av debatten. Sjølv om vi har teke imot fleire meldingar frå sentrale tillitsvalde i Arbeidarpartiet som meiner Kjølmoens uttaler er håplause, så etterlyser vi leiarskap på rusfeltet. Både frå statsminister Jonas Gahr Støre og helseminister Ingvild Kjerkol.

Tolv år etter Stoltenbergutvalets rapport har desse til no etterlatt eit politikkområde i ruin.

Les artikkelen i Trønderdebatt her.

Den ble også publisert på Nettavisen og i Dagsavisen.

Tilbake til nyheter
crossmenu