Medlemskap

Det er på tide med ein ny nullvisjon i ruspolitikken

28. februar 2021

Rusreforma ville aldri blitt noko av, utan aktivistar som Arild Knutsen. No må Stortinget vedta regjeringas rusreform. FOTO: EIRIK BREKKE (ARKIV)

Lederartikkel i Bergens Tidende 23. februar 2021: Det er på tide med ein ny nullvisjon i ruspolitikken

Krigen mot narkotika har vore feilslått. Heller enn å hjelpe menneska som rusar seg, er Noreg i krig med dei. 

Det er nemleg ikkje berre rusmiddel som kan skade folk. Forbodet skadar folk. Det er ikkje så rart. Norsk ruspolitikk har handla om å bøtelegge fattige og plassere sjuke folk på glattcelle, i den tru at det hjelper på noko som helst.

Regjeringa kunne fredag presentere si rusreform. Den vil gi fleire nordmenn eit lengre og meir verdig liv. No skal ikkje politiet kunne fengsle folk for å ha små mengder narkotika til eige bruk. 

Det er ei innrømming av at rusomsorg er ei sak for helsevesenet, og ikkje væpna politi. 

Motstandarane karakteriserer dette som eit frislepp. Det er det ikkje. Rusreforma kjem etter at fleire har forstått at det er forbodet som skaper frislepp. Regulering får rusbruken inn i meir ordna former. 

Portugal avkriminaliserte narkotika i 2001. Då sleit landet med eit enormt heroinproblem: Éin prosent av innbyggarane var avhengige

Rusreforma deira fungerte. Talet på overdosedødsfall stupte. Noreg har – fram til no – tvihalde på ein politikk som ikkje fungerer.

Noreg har hatt ein nullvisjon på rusfeltet, men den handla om narkotikabruk.

Noreg har likevel meir enn ti gongar så mange overdosedødsfall som Portugal, justert for befolkning. 

Ein ny nullvisjon må handle om overdosedødsfall. Då er avkriminalisering vegen å gå. 

Utan aktivistar som Arild Knutsen, ville rusreforma aldri blitt noko av. Han har brukt store deler av livet sitt på å kjempe for liva til rusavhengige. Knutsen og regjeringa har kunnskapsgrunnlaget på si side. 

Rusreformutvalet er heilt tydeleg på at vitskapen og erfaringar frå andre land viser at avkriminalisering er eit gode.

Forbodet er rein symbolpolitikk, med heilt ekte offer. 

No har Stortinget ein historisk sjanse til å avslutte det skadelege forbodsregimet, som har lagt så mange liv i grus. 

SV og MDG er for avkriminalisering, medan Framstegspartiet og Senterpartiet er mot. 

Difor er det opp til Arbeidarpartiet å sikre fleirtal for reforma. Det einaste akseptable utfallet, er eit ja til rusreform.

Les Bergens Tidendes leder her.

Tilbake til nyheter
crossmenu